star
star
star
star
star

Koldal

Det er mange alternativ om ein skal gå til Koldal. På kartet er vegen frå Byrkjenes via Fadnastøl som er teikna inn. 1: Går ein frå Byrkjenes via Fadnastøl går ein på merka sti heile vegen. Ved...

Practical

Enjoy code: 129381
Frå Norheimsund mot Strandebarm, ta av til Haukås på Fosse, like etter Fossetunnelen. Følg Haukåsvegen, og ta av til høgre opp Tordalsvegen forbi Tordalen og Tordalsvatnet, vidare på bomveg til Byrkjenesvatnet og Byrkjenes.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Elderly, Adult, Youth
Duration
2 hours
Distance
4.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Det er mange alternativ om ein skal gå til Koldal. På kartet er vegen frå Byrkjenes via Fadnastøl som er teikna inn.

1: Går ein frå Byrkjenes via Fadnastøl går ein på merka sti heile vegen. Ved parkeringsplassen ved Byrkjenesvatnet fyl ein traktorveg eit lite stykke før ein tek av til venstre på sti merka Fadnastøl. Fyrst oppover skogen eit stykke, til det flatar ut og ein skal over ei elv før det på nytt stig eit lite stykke til og ein er framme ved Fadnastøl. Heretter på sti vidare utover (mot venstre, og ikkje opp til høgre mot Vesoldo).

2: Ein kan og parkera like etter bommen i Tordalen, og gå via Fagersete og inn til Koldal. Dette er kortare, men frå Fagersete er det ikkje godt merka til Koldal. Det skal vera greit å finna fram likevel, hugs å ta med kart.

Koldal ligg ikkje langt fråNystøl.Rett under Koldal kan ein fortsetja rett fram over flata til Nystøl, eller evt gå til Koldal via Nystøl frå Byrkjeland og Gullvotno i Steinsdalen, eller frå Solhaug og via Krokavatn.