Knut Kristiansen kvartett

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser ein av dei...
This activity is completed or marked as expired
04.Nov
2021
8:00pm

Details

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. No drar han på tur med ungdommen i ei blanding av eigen originalmusikk og komposisjonar av mellom anna Dollar Brand og Ornette Coleman.

Bassist Magne Thormodsæter underviser på Griegakademiet, har vore dagleg leiar for Bergen Big Band, og deltatt i rekkje innspelingar – frå Lene Marlin til Terje Rypdal. Slagverkar Sigurd Steinkopf har ikkje rukke å bli 25 år enno, men har allereie rukke å opptre med Joshua Redman og vunne Ungjazzpris med Peace, Love and Swing. Sistemann i kvartetten er den dyktige saksofonisten Aksel Røed.

Practical

Enjoy code: 632563
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.