Knut Anders Sørum med band på Eidsdalsrøre!

Den folkekjære musikaren Knut Anders Sørum kjem til Eidsdal, saman med heile bandet sitt. Knut Anders Sørum er kjend for si store stemme, sitt varme vesen og sine underfundige låtar i sjangeren...
This activity is completed or marked as expired
20.May
2023
7:00pm

Details

Den folkekjære musikaren Knut Anders Sørum kjem til Eidsdal, saman med heile bandet sitt. Knut Anders Sørum er kjend for si store stemme, sitt varme vesen og sine underfundige låtar i sjangeren soul på totendialekt. Sørum har ei lang karriere som strekk seg heilt tilbake til 90-talet, via rockeband, Grand Prix (2004) og som vokalisten i «Skal vi danse» på TV2. Men det dei fleste kjenner han best frå er kanskje då han hausten 2016 gjekk heilt til topps i NRKs «Stjernekamp» og sørga for at folk heime i stovene sette tacoen i halsen då den småskjeggete totningen med soul i røysta klemte til i Puccinis «Nessum Dorma». Musikalsk og tekstleg kan Sørum oppsummerast som ein anmeldar skreiv, dette er som om Prøysen møter John Legend. Dette er ikkje tilfeldig for akkurat Prøysen og John Legend har vore store inspirasjonskjelder for Sørum. I 2010 gav han ut ei kritikerrost plate med tolkninger av nettopp Alf Prøysen sine songer på plata PRØYSEN. Dette albumet inneheld også ein eigen komposisjon til diktet «Visa om løgna». Sørum har også omsett ein av John Legend sine låtar, «Stay with you» til totendialekt på albumet Ting flyt, den heiter då «Bli ved deg» og er ein av hans mest streama låtar.

Practical

Enjoy code: 255229
Type
Concert
Target groups
Elderly, Kids, Adult, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.