star
star
star
star
star

Klippe - Stølstur med utsikt

Stølen Klippe 528 moh kan nåast slik ruta på kartet viser, frå Krossnes ved Fitjadalsvatnet. Det er parkering på nedsida mot vatnet. Først litt bratt opp ein kort stubbe med skogsveg, vidare på...
Photo: Geir Morten Utskot

Photos

Practical

Enjoy code: 982551
Med bil, sykkel, eller til fots opp til Krossnes i Fitjadalen.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Elderly, Adult, Kids
Duration
40 minutes
Distance
1.6 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Stølen Klippe 528 moh kan nåast slik ruta på kartet viser, frå Krossnes ved Fitjadalsvatnet. Det er parkering på nedsida mot vatnet.

Først litt bratt opp ein kort stubbe med skogsveg, vidare på sti ca 100 hm med jevn stigning til det flatar ut inn mot ei myr med med eit stikryss og skilt. I stikrysset/starten av myra går du til venstre og opp stien mot Døgnope. Eit stykke opp i lia er eit stikryss der det er skilta mot Klippe til høgre. Følg denne dels steinsette stien vel 100 nye høgdemeter, så er du brått oppe til stølsvollen på Klippe.Totalt er det omlag 260 høgdemeter.

Eit fint utsiktispunkt er oppe ved dei gamle murane på øvre stølsvollen/Stølshaugen. Herfrå kan du og fylgje stien vidare til det flotte utsiktipunktet Jøtto. Stien går på ryggen til venstre for bekken, og litt etter at du har kryssa under kraftlina får du flott usikt ned til Fitjadalsvatnet. Forøvrig seiest det at dei store steinblokkene nedom Døgnope (Vassura) er rast ut og har laga hakket i terrenget kalla Jøtto.

Ver obs på at det er sauer på beite på Klippe. Viktig å hugse bandtavnga om du har hund med på turen.