Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Klepperunden går rundt det sentrale Kleppe. Du kan parkere ved Klepp rådhus eller Sirkelen. På veg frå rådhuset passerer du Kvernbekken som renn vidare ned i Grudavatnet.
Sirkelen er ein helseinstitusjon med arkitektonisk særpreg. Bygget blei teikna av det danske arkitektkontoret Hvidt Arkitekter AS og bygd i 2012.
Når du har passert Sirkelen er du kome ut på sjølve Klepperunden. Du kan no velja kva veg du vil gå runden. Han er merka i begge retningar. I følgjande omtale går du mot aust (med klokka).
Gå mot aust. Du må nå kryssa Jærvegen. Vidare går du i skillet mellom tettstaden Kleppe og landbruksområda rundt. Drygt 70% av totalarealet i Klepp er jordbruksareal.
Etter at du har passert Stasjonsvegen går du inn i bustadområda. Du vil passera Dynjarsteinen og gå inn i de sørlege delane av Kleppe. Når du har kryssa Jærvegen igjen og gått opp på høgdedraget, vil du få storslått utsikt over dei ytre delane av kommunen og havet i synsranda. Du går vidare ned mot Klepploen.
Frå Kleppeloen kryssar du Solavegen gjennom undergangen og går inn i dei austre delane av Verdalen. Følg merking og du passerer på bru over fv 44; omkøyringsvegen som blei bygt for å avlasta Kleppekrossen for biltrafikk. Du nærmar deg nå Sirkelen igjen og tar same vegen tilbake til parkeringsplassen ved rådhuset.