KLASSIKARSAMTALEN - GUNVOR HOFMO

Gunvor Hofmo (1921-1995) er ein av våre største poetar. Ho debuterte med diktsamlinga «Det er ingen hverdag mer» i 1946, få år etter at hennar nære venninne Ruth Maier vart arrestert, og drepen i...
This activity is completed or marked as expired
07.Oct
2022
12:00pm

Details

Gunvor Hofmo (1921-1995) er ein av våre største poetar. Ho debuterte med diktsamlinga «Det er ingen hverdag mer» i 1946, få år etter at hennar nære venninne Ruth Maier vart arrestert, og drepen i Auschwitz. Dikta til Hofmo er blant det sterkaste som er skrive om andre verdenskrig og Holocaust. Forfattarskapen krinsar også om tema som einsemd, tru og kjærleik. Medan Hofmo i periodar levde eit tilbaketrukke liv, var det langt frå A4. I dag veit vi at ho var lesbisk, i ei tid då homofili etter lov var straffbart. Ho var også innlagt på Gaustad sjukehus på 1950-talet. Kaja Schjerven Mollerin har vore oppteken av Hofmo lenge, og i fjor kom den vesle boka Verden og buksene. Der undersøker ho Hofmo sin kjærleik til kvinner, og korleis legningen hennar vart sett i samanheng med psykisk liding av det psykiatriske behandlingsapparatet. Schjerven Mollerin møter Fredrik Hagen til samtale om Gunvor Hofmo.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du pålittsymp.no.

Practical

Enjoy code: 469926
Type
Festival
Target groups
Adult, Kids, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links