JULEGJEST - Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland, Frank Rolland

1. Velkomen til ein julekonsert der "jule-sviskene" vert bytte med gamle adventssongar og julesalmar frå Valdres, framført på trøorgel, langeleik og fele- og med Karlbergs nydelege vokal i front. ...
This activity is completed or marked as expired
11.des
2022
kl 19:00

Details

  1. Velkomen til ein julekonsert der "jule-sviskene" vert bytte med gamle adventssongar og julesalmar frå Valdres, framført på trøorgel, langeleik og fele- og med Karlbergs nydelege vokal i front.

Desember er månaden då vi leitar etter den gode førjulsstemninga, og for mange er det ekstra godt å samlast til konsert i kyrkja. Ålhus kyrkje er, etter vår meining, ei av dei finaste kyrkjene å vere i, og difor har vi valt oss akkurat Ålhus kyrkje som ramme når vi skal presentere årets juletrio, Marit Karlberg, Frank Rolland og Sigbjørn Apeland.

Desse tre, fine musikarane kjem med ny juleplate som har tittelen JULEGJEST.

Repertoaret på plata er gamle adventssongar og julesalmar frå Valdres, i tradisjonar som går heilt tilbake til 1600-talet. I tillegg får du ta del i førjulsstemningar i heilt nyskrivne songar, og kanskje kjenne på dansedrivet i arrangementa av nokre av dei gamle juleleikane.

Dørene opnar kl 18.30, konsertstart kl 19.00.

Marit Karlberg - song, langeleik og lyre

Frank Henrik Rolland – hardingfele

Sigbjørn Apeland – trøorgel

Practical

Enjoy code: 149819
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.