Details
Bratt og Blått inviterer også i år til Juleblues på Stødt Bar&Scene 3. juledag. Vi likar å halde på tradisjonar i jula og reint musikalsk betyr det at Løsjakkene stiller mannsterke også i år. Det er som mange veit eit band som på sin særeigne måte presenterer blues og soul klassikarar med godt humør og 'løs jakke'. I tillegg har vi den store ære og glede av å presentere eit nytt band: BAABB. Her snakkar vi om ein gjeng røynde musikarar som likar Bob Dylan og meiner det er på tide at Dylan sine låtar kjem fram i lyset på Stødt Scene. Bandet består av Børre Lødemel, Vidar Johan Vartdal, Trond Are Ryste, Torbjørn Frantsen og Bendik Mork Folkestad. Dette blir med andre ord ein kveld med mykje god og variert musikk, og vi blir nokså forundra om ikkje enkelte kjem til å ha det kjekt også :-)
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Available tickets
27/12 2025 8:00pm
