JOLAKOK I KÅKEN

Fyrste jola i Kapellankåken! Og me tek Jola på alvor og byr inn til laiv kåksjov og kraftig jolastemning. Linda Eide og Gunnstein Akselberg snakkar og herjar med både jol og språk, mens...
This activity is completed or marked as expired
16.Dec
2023
6:00pm

Details

Fyrste jola i Kapellankåken! Og me tek Jola på alvor og byr inn til laiv kåksjov og kraftig jolastemning. Linda Eide og Gunnstein Akselberg snakkar og herjar med både jol og språk, mens kvalitetsgjester kjem og går.

Hans Erik Ringkjøb er ikkje ordførar lenger, men han har ei pappøskje full av talar. Det kan det bli mykje moro av.

Linda Hjeltnes er psykologspesialist, og kan sin samtaleterapi. Hogir oss råd om korleis overleva jola som par – er det muleg, eller er kjærleiken dømd til å gå ad undas på forventningas alter?

Berit Opheim er glad i "Det hev ei rosa sprunge". Og me blir glade når ho syng den. Og fortel om den. Ja, det blir jolasong!

Og kven er husband? Jo, Nord-Europas desidert beste trommis, Kåre Opheim!

På toppen av det heile blir det åresal og basar, gode pausar og open bar!

Alle inntekter frå arrangementet går til husets ve og vel.

Velkomen til Jolakok i Kåken!

Practical

Enjoy code: 187581
Type
Scene
Target groups
Youth, Elderly, Kids, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links