Jeff Porter - Solo // Vesle Kinn

"Jeff Porter - den beste låtskrivaren du aldri har høyrt om". Jeff Porter er kanskje mest kjend som gitarist i The Rainmakers. Men han har også ei solokarriere, som har levert eit knippe av...
This activity is completed or marked as expired
26.Apr
2023
8:00pm

Details

"Jeff Porter - den beste låtskrivaren du aldri har høyrt om".

Jeff Porter er kanskje mest kjend som gitarist i The Rainmakers. Men han har også ei solokarriere, som har levert eit knippe av våre favorittplater. Den nyaste plata "Daylight" har hausta gode kritikkar verda over, og no er Jeff tilbake i Noreg for ein liten turné.

Jeff Porter har bakgrunn som klassisk utdanna musikar og han har lang fartstid frå musikkscena i Kansas City, blant anna i reggeabandet The Zoo. Han har i tillegg skrive ei rekke hits for både lokale og nasjonale amerikanske artistar.

I si eiga solokarriere blandar han alle desse elementa, og trekk dessutan inn sin forkjærleik for jazz, i eit uttrykk som plasserer seg i eit akustisk americanalandskap. Ein fantastisk instrumentalist og historiefortellar, med ihuga fans over hele verda. Jeff Porter skriv låtar frå hjartet, med hjartet - og har vore kjend for å synge så det ikkje er eit auge tørt i lokalet, - hans eigne inkludert.

Sjekk ut:

https://www.musikkbloggen.no/2022/08/jeff-porter-daylight/

https://www.musikkbloggen.no/2016/01/jeff-porter-even-with-the-wind/

https://www.musikkbloggen.no/2015/11/dod-sessions-jeff-porter/

https://www.musikkbloggen.no/2014/02/walkenhorst-porter-no-abandon/

Practical

Enjoy code: 403706
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.