Similar alternatives
Details
JAZZ PÅ JØLST 2023 – BILLETTINFORMASJON
Vi brukar TicketCo som billettleverandør – og du finn link til billettkjøp under alle arrangement. Du kan også søke opp arrangementa våre i TicketCo. Skriv Jølster eller Jazz på Jølst i søkefeltet - då vil du finne "Jazz på Jølst 2023 billettar " Når du klikkar på den finn du alle konsertane.
Du får billett på e-post og du kan skrive ut og ta med eller bruke QR koden du får tilsend. Den blir scanna i døra.
Test gjerne TicketCo Wallet. Last ned appen i App Store. Her kan du enkelt kjøpe billettar og dei vert lagra slik at det er lett å finne dei att.
NYTT AV ÅRET
I år har vi laga ein kombi-billett for kveldskonsertane fredag og laurdag som gjev deg rabatt.
FESTIVALPASS
I år er det endå meir lønsamt å investere i festivalpass. Vi held dei same prisane som i fjor. Passet gjev tilgang til alle konsertane med unntak av «Tjuvstart» torsdag.
ARRANGEMENT - SPELESTAD
«Tjuvstart» konsert torsdag 12.10. kl.19.30 og konsert for barn og familie laurdag 14.10. kl.12.00 blir på Brunsj & Briller Gratiskonsert med elevar frå Firda VGS blir,tradisjonen tru, på Audhild Vikens vevstove.
Kveldkonsertane fredag 13. og laurdag 14. er alle på Thon Partner Hotel, Jølster.