Inngangsbillett Vågsberget

Ein ekte gjestgjevarstad med røter til 1600-talet
Photo: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Details

Ein ekte gjestgjevarstad med røter til 1600-talet. Det er det du får oppleve på Vågsberget. Den autentiske og freda handelsstaden ytst mot Nordsjøen, byr på krambu, dusjhus, gjestgjevarhus, stabbur, sjøhus og det staselege hovudhuset med forseggjorte møblar, tapet, utskjeringar og ornament.

Staden var brukt til handel med fiskarbøndene i området. Dei leverte inn fisk og fekk att varer som mjøl, salt og brennevin. Handelsmannen sende fisken vidare. Reisande langs kysten fekk også servering og overnatting på staden. Det økonomiske grunnlaget for staden var handelsprivilegiet. Det gav einerett på handel i området.

Vi tilbyr omvising gjennom våningshuset og kremmarbua. Kafeen finn du i den gamle driftsbygningen. Der kan du kjenne på stemninga og ane svunne tider. Vågsberget er ein idyll for familiar med born, som kan låne bøtter og håv til å undersøke fjæra.

Photos

Practical

Enjoy code: 923590
Vågsberget finn du ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Vi har eigen parkeringsplass
Type
Attraction
Target groups
Adult, Elderly, Kids
Source
Enjoy
External information

Reviews

Loading ...

Maps