Ingrid Jasmin Vogt & Jesús Morente

Det skal godt gjerast å ikkje bli gripen av den vakre stemma til Ingrid Jasmin Vogt. Saman med flamencogitarist Jesús Morente kjem ho til Førde med sterke melodiar, poesi og temperament. Med...
This activity is completed or marked as expired
06.Oct
2022
8:00pm

Details

Det skal godt gjerast å ikkje bli gripen av den vakre stemma til Ingrid Jasmin Vogt. Saman med flamencogitarist Jesús Morente kjem ho til Førde med sterke melodiar, poesi og temperament. Med utgangspunkt i den tradisjonelle flamenco-musikken tek Jasmin Vogt publikum med inn eit landskap der intens flamenco møter både soulen i RnB og sødmen i norske tonar. Ein djup kjærleik til tradisjonen lever side om side med ei sterk tiltrekning til det moderne og nye når to av våre mest uttrykksfulle liveartistar inntek konsertscena. Jasmin Vogt og Morente tek deg gjennom heile det musikalske fargespekteret!

Ingrid Jasmin Vogt – song

Jesús Morente Panea – flamencogitar

Dørene opnar kl. 19.30., konsertstart kl. 20.00.

Velkomne!

Practical

Enjoy code: 662020
Type
Festival
Target groups
Kids, Elderly, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links