Ine Hoem og Edvard Hoem //Festspillene i Kristiansund

Gjør deg klar for sterke tekster og vakre melodier! Ine Hoem kommer til Kristiansund med sitt nye album «Alt vi har kjært»,med egne melodier og tekster av sin far, Edvard Hoem. Far Edvard og...
This activity is completed or marked as expired
24.Sep
2021
6:00pm

Details

Gjør deg klar for sterke tekster og vakre melodier!

Ine Hoem kommer til Kristiansund med sitt nye album «Alt vi har kjært»,med egne melodier og tekster av sin far, Edvard Hoem.

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen Mors og fars historie.Ine Hoem har nådd langt ut med smakfull visepop, songar som Jeg vil aldri hjem,og Vi trenger ikke hage, vi.

Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter tok til for meir enn femten år sidan, men vart først offentleg kjent med den kjende julesongen Å, signa natt,hausten 2020, som blant anna vart framført på Lindmo i NRK i desember 2020.

Hausten 2021 legg Ine Hoem og Edvard Hoem ut på sin første turné i samband med at Ine Hoem slepper albumet Alt vi har kjært. Alt vi har kjært er Ine Hoems melodiar og nyskrivne tekstar av Edvard Hoem. Her finn ein også salmar som Den fattige Gudtil melodi av Henning Sommerro og No stig vår songav Håkon Berge.

Det blir ein konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine Hoem syng farens tekster, Edvard Hoem les frå den siste romanen sin, Felemakaren, og i tillegg presenterer upubliserte nye dikt. Alle bør unne seg høyre kor godt tekstar og musikk står til kvarandre.

"Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje må skrive om det, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og somer der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi lever med framtidshåp og fortidsminne, i årstidene og i døgntidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skjer i verselinjer, som uttrykker håp og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by på.» -Edvard Hoem

I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og fantastiske improviserande musikarar har Ine Hoem skapt eit unikt univers av visepop, jazz og salmar, og Edvard Hoems tekstar.

Edvard Hoem – forteller

Ine Hoem – vokal

Markus Lillehaug Johnsen – gitar

Andreas Ulvo – piano

Jo Berger Myhre – bass

Pål Hausken – trommer

Foto: Jørgen Nordby

Practical

Enjoy code: 282571
Type
Festival
Target groups
Adult, Kids, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links