star
star
star
star
star

Idyllisk flatt og majestetisk

Denne turen har Indre Sunnfjord Turlag arrangert som onsdagstur i juli eit år, men løypa er også ypparleg å gå som dagstur både vår, sommar og haust og på ski etter snøen har lagt seg. Turen...

Practical

Enjoy code: 131027
Sele ligg under Kvamshesten ved Bygstad innst i Dalsfjorden.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Elderly
Duration
4 hours
Distance
8.5 km
Difficulty level
Easy
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Denne turen har Indre Sunnfjord Turlag arrangert som onsdagstur i juli eit år, men løypa er også ypparleg å gå som dagstur både vår, sommar og haust og på ski etter snøen har lagt seg.

Turen startar frå Sele, og i staden for å ta av til høgre, når ein skal til Storehesten, køyrer du rett fram og opp til øvste garden i Bygstad. Spør om du kan parkere på garden, og gå gjennom tunet og ut om elva. Frå velteplassen går det ein sti opp langs elva og etter kvart kjem du opp om skoggrensa og opp på Bergsheia.

Rett før du kjem opp på Bergsheia kjem du inn på turlaget si T-merkte rute, som går vestover på sørsida av Bergsvatnet og sidan sør for Skålefjellet og nord om Hestadstølen til turlagshyttene Massbu og Nipebu. Utover Bergsheia er det mange vatn og tjørner som ligg strødd utover i eit nokså flatt landskap. Her er det så vakkert og særmerkt at du kan gje deg god tid og gjerne prøve om fisken bit. Fiske her skal vere bra og grunneigarane sel fiskekort. Det er også fint å bade her om sommaren og ta seg ei god matøkt. Og heile tida har du Storehesten majestetisk og ruvande på di høgre side.

Ta så av frå den merkte stien og gå opp på høgda i sør. Det er bygd ein varde lengst vest i området som ligg på 650 moh. Her er det storslegen utsikt til alle dei flotte toppane lengst i vest og ut Dalsfjorden. Eller du kan gå vest om vatnet til stølane, eller du kan ta opp til Marifjellet før du kjem til vatnet. Her er såleis mange moglege ruter, men seinhausten må ein vere varsam om snø og is har lagt seg i fjellet. Og dersom du har ordna deg med skyss, kan dagsturen ende opp på skogsvegen ned til Hestad.