Humoren deler vi

Dei to bergensbusette forfattarane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen debuterte begge i 1998, Øyehaug med diktsamlinga Slaven av blåbæret og Nilssen med romanen Innestengt i udyr. Dei, som av mange...
This activity is completed or marked as expired

Similar alternatives

14.Feb
2021
2:15pm

Practical

Enjoy code: 568899
Type
Virtual
Target groups
Adult, Kids, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Dei to bergensbusette forfattarane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen debuterte begge i 1998, Øyehaug med diktsamlinga Slaven av blåbæret og Nilssen med romanen Innestengt i udyr. Dei, som av mange blei satt i same «vestlands-nynorsk-kvinne»-bås, har kjent kvarandre halve livet og følgt kvarandre sin forfattarskap tett. Med bøkene i haust, Nilssens Yt etter evne, få etter behov og Øyehaugs Vonde blomar, stadfestar dei begge ein sentral posisjon i det norske litterære landskapet. Men kva har dei til felles, og kva skil dei?

Korleis utviklar ein forfattarskap seg? Er det litteraturen ein les, omskiftingar i livet, samfunnssyn, eller er det noko som «berre skjer»? Nilssen og Øyehaug møter forfattarkollega Eivind Riise Hauge til samtale om kva som påverkar den litterære vegen ein vel å gå.

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert. Du kan kjøpe strøymebillettar.

Maps