Haustferien på Vitengarden

I haustferien inviterer Vitengarden til ei aktivitetsrik veke der sau og ull står i sentrum. Her blir det gilde opplevingar både for små og store – og mykje å læra!
Photo: Rune Helliesen / Jærmuseet

Details

Vitengarden er eit kombinert vitensenter og museum. Aktivitetane her er tilpassa barn og unge,

Denne veka kan du mellom anna:

  • Bli med på karding og spinning av ull
  • Oppdaga koss planter kan brukast til å farga garn
  • Sjå gjeterhund i aksjon ute på beitet
  • Væra med på matverkstad med lammekjøtt som hovudingrediens
  • Læra meir om ulike sauerasar
  • Laga din eigen filmmusikk til ein sauefilm i LydLab

Elles på Vitengarden er det alltid mykje å finna på: – Test siloheisen, prøv deg som veterinær, konkurrer mot roboten eller lag biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme» – Kom tett på gjess, høner, sauer, griser og kyr – Hopp i høyet på løa eller sving deg i svinghjulet – Utforsk dei store uteområda og utstillingane inne

I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.

Opningstid: Måndag til fredag – 10:00-15:00, laurdag – STENGT, sundag – 12:00-17:00

I haustferien er det gratis inngang for alle barn!

Practical

Enjoy code: 703318
Type
Play and learn
Target groups
Youth, Adult, Kids
Source
Enjoy

Reviews

Loading ...