Hovland og Tønes reddar kvelden

Tønes fortel gode historier, på ein måte som dei gode historiene ikkje har blitt fortalde før. Morosamt, surrealistisk, melankolsk og rørande. Og korleis får han det til? Det er Ragnar Hovland som...
This activity is completed or marked as expired
11.apr
2019
kl 20:00

Details

Tønes fortel gode historier, på ein måte som dei gode historiene ikkje har blitt fortalde før. Morosamt, surrealistisk, melankolsk og rørande. Og korleis får han det til?

Det er Ragnar Hovland som spør. -Tønes er kvardagssurrealisemens største poet her til lands, seier Hovland, sjølv om han sit på same trona sjølv.

For å førebu publikum til kvelden har Ragnar Hovland lånt oss teksten «For eksempel majones» som han tidlegare har skrive om Frank Tønnesen si dikting. Her er eit utdrag:

Frå å vere ein forholdsvis lokal løyndom, har Tønes blitt riksstjerne. Meldarane er rause med terningkasta sine, og han blir gjennomintervjua i dei mest gigantiske riksavisene. Ja, journalistar og fotografar kjem i bil og prøver så godt dei kan å finne fram til kor han bur.

Det er i gjensidig beundring dei to forfattarane møtest til prat og poesi, song og spel nokre kveldar før påske. Begge skriv om det store i det små og set farge på grå kvardagar.

  • Det eg sedde pris på med Ragnar sine teksta e mye; humoren, alvoret og alle øveraskelsane, galskapen og varmen. I denna litt skumle verden e Ragnar sine teksta som ein slags medisin eller trøst, seier Frank «Tønes» Tønnesen.

Hovland og Tønes reddar kvelden er utvikla av Svidal skriveri med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord. Program-serien er ein del av litteratursatsinga Rom for ord.

Døra opnar kl. 20:00 Konsertstart kl 21:00 Aldersgrense 18 år Begrensa tal plassar

Practical

Enjoy code: 899772
Type
Scene
Target groups
Elderly, Adult, Youth, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links