star
star
star
star
star

Hovden Barekstad til Store Skorekinna

Følg Nordsjøløypa til Grendahuset og gå opp til Vemannsøysa 239 moh. Ved turbokkassa / skiltet på toppen tar du av mot venstre og ned skaret mot Gåsvatnet. Ta til venstre igjen når du er ferdig...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 121639
Rutebåt til Barekstad
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Kids, Youth, Adult
Duration
3 hours
Distance
4.5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Følg Nordsjøløypa til Grendahuset og gå opp til Vemannsøysa 239 moh.

Ved turbokkassa / skiltet på toppen tar du av mot venstre og ned skaret mot Gåsvatnet. Ta til venstre igjen når du er ferdig med skaret, som siste stykket er ei bratt ur. Det er ikkje sti, men der er dyretråkk som du kan følge nedover litt fram og tilbake og langsmed eit berg til ei lita ur med einekratt i enden. Her ser du ei elv og går over denne. No er det å følge berg og lyngheier, med Gåsevatnet på høgre hand, til du kjem til det øvste Svartomnsvatna. Gå mellom dei to øvste og hald deretter vestover og på skrått nedover mot det nederste Svartomnsvatna. Det er litt kuppert og ein går ned eit berg / ur til ei eng / myr og opp ei t berg. Her finn du delvis dyretråkk. Gå nordover og oppover mot toppen av Store Skorekinna 310 moh på berg. Her er der ein varde.

Dette er den største toppen på Hovden og utsikta er mektig. Gå litt ned og fram mot kanten. Her ser du ned på Kvannhovden fyr og Kvannhovdevågen.