star
star
star
star
star

Hovden Barekstad til Kvannhovden via Hovdevåg

Følg vegen frå Barekstad til Hovdevåg. Frå Hovdevåg er det merka ( Nordsjøløype ) ut til Kvannhovden fyr. Du går via Sildevågen og passerar Skjelvika før du kjem til Kvannhovden fyr. Turen tilbake...
Photo: Håvard Bergheim Olsen

Photos

Practical

Enjoy code: 133886
Rutebåt til Barekstad
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
7.6 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Følg vegen frå Barekstad til Hovdevåg. Frå Hovdevåg er det merka ( Nordsjøløype ) ut til Kvannhovden fyr. Du går via Sildevågen og passerar Skjelvika før du kjem til Kvannhovden fyr. Turen tilbake kan du gå via Domba.

Kvannhovden fyr vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. No brukt til overnatting og har servering enkelte dagar. Rett over fyret ligg høgste fjellet på øya, Store Skorekinna 310 moh.

Du kan også gå til Hovdevåg og ta vegen tilbake. På Ytre Hovdevåg finn du ei minneplate med takk for illegal innsats frå lokalbefolkninga på Hovden, flyktningetrafikken og illegal mottak av våpen frå England. På ein haug 100 meter lengre vest møter du det 3 meter høge gravmonumentet over den nasjonalt kjende sauebonden Johan Schumann ( 1859 - 1911 ). Foregangsmann og folkeopplysar. Han selde Nordhovden i 1899 til Indrehusfamilien som driv garden også idag. Enno finn ein sauer på Svanøya som kjem frå sauefloken til Schumann. På Nordhovden er det eit freda fuglefjell. Du kan no gå bilvegen til Barekstad omlag 5 km til Barekstad kal. Om lag midtvegs møter du busetnaden i Hovdetræet.

Utgangspunkt for mange fine turar er rutebåtkaia i Barekstad. Der er det også gjestebrygge og sanitærrom med toalett og betalingdusj. På nordsida av øya, i Domba er det uthamn laga av Florø Båtforening som også er eit fint utgangspunkt for turar på øya.