star
star
star
star
star

Hovden Barekstad - Domba - Kvannhovden Fyr.

Frå kaia går du til vegkrysset og tar til venstre på grusvegen. Gå omlag 1 km til skiltet som viser til Domba og Kvannhovden Fyr i Halshamrevika. Lett stigande terreng fram til Stegane, 79 moh. Det...

Practical

Enjoy code: 647155
Rutebåt til Barekstad
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Youth, Adult, Elderly
Duration
3 hours
Distance
7.7 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frå kaia går du til vegkrysset og tar til venstre på grusvegen. Gå omlag 1 km til skiltet som viser til Domba og Kvannhovden Fyr i Halshamrevika. Lett stigande terreng fram til Stegane, 79 moh. Det er bratt nedstigning men godt sikra sti med solid tretrapp og bolta handtau stykkevis ned til Dombevatnet. Vidare lett terreng. Dette var tidlegare skuleveg. Rustne røyrgater som ligg rett før ein kjem til Domba er frå kraftverk som gav lys til nokre lyspærer. I Domba var det mykje aktivitet under krigen som illegal våpentrafikk, MTB båtar og flyktningetrafikk for å nevne noko.

Frå Domba er det lett terreng å gå rett nordover i, på berg og gras, små grunne myrparti og rullesteinbelte. Skiltpeikar ved Kvalvika viser deg til helleristingsfelt med tre båtformer frå bronsealderen på loddrett bergvegg nær sjøen. Etter det opne området Dal kjem den hardaste oppstigninga til platået aust for fyret. Her kan ein også ta sti ned til venstre, ikkje merka og gå langs sjøsida, litt klyving, men ok å gå på fjære sjø. Frå platået aust for fyret går stien gjennom grind i steingarden. Kvannhovden fyr vart bygd 1895 og automatisert i 1980. No brukt til overnatting og har servering enkelte dagar. Rett over fyret ligg høgste fjellet på øya, Store Skorekinna 310 moh.

Turen tilbake kan du ta over Vemannsrøysa eller til Hovdevåg og gå bilvegen tilbake.

Utgangspunkt for mange fine turar er rutebåtkaia i Barekstad. Der er det også gjestebrygge og sanitærrom med toalett og betalingdusj. Utleige / overnatting i Vikatun utleige. På nordsida av øya, i Domba er det uthamn laga av Florø Båtforening som også er eit fint utgangspunkt for turar på øya.