Hør her`a: Eg snakkar om det heile tida

Brun først, og alt anna etterpå? I kvar sine sjangrar set forfattarane Camara Joof og Gulraiz Sharif ord på kvardagsrasismen, slik den finst i samfunnet og slik den blir ein del av den ein er, når...
This activity is completed or marked as expired
28.Feb
2021
3:00pm

Practical

Enjoy code: 927506
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Brun først, og alt anna etterpå?

I kvar sine sjangrar set forfattarane Camara Joof og Gulraiz Sharif ord på kvardagsrasismen, slik den finst i samfunnet og slik den blir ein del av den ein er, når ein er brun. Rasisme til trass: Kortprosa-samlinga «Eg snakkar om det heile tida» og ungdomsromanen «Hør her`a» blir tatt i mot med opne armar av norske lesarar og kritikarar.

Ta knekken på kvardagsrasismen

Camara Joof og Gulraiz Sharif gjev stemme til erfaringar vi gjerne lyttar til, og dei gjer det på måtar som vitaliserer både litteraturen og språket vårt. Kanskje kan møta mellom litteraturen og lesaren ta knekken på kvardagsrasismen ein gong for alle? Høyr forfattarane samtale og lese frå bøkene sine i Løa i Jakob Sande-tunet /Klokkargarden søndag 28. februar. Samtalen vert leia av kritikar i Morgenbladet, Ida Vågsæther

Samtalen byrjar kl 16. Løa er open med kaffi og bakst frå kl 15. Det er framleis avgrensa plass på grunn av smittevern-tiltak, men samtalen vil bli tilgjengeleg digitalt i etterkant.

Førerett for dei som kjøper billett på førehand på ticketco.no

Maps