Hjørnevik & Iversen prøver igjen

Nytt lyrisk forsøk og meir galskap i Lofthus! Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen kjem til Ekspedisjonen med Dikt Live. 20.4.2024 Haukeland sjukehus har sendt Jon Hjørnevik ut på...
This activity is completed or marked as expired
20.Apr
-
9:00pm

Details

Nytt lyrisk forsøk og meir galskap i Lofthus! Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen kjem til Ekspedisjonen med Dikt Live. 20.4.2024

Haukeland sjukehus har sendt Jon Hjørnevik ut på prøve.

Diktsamlingane er igjen lagt fram. Nok ein gong er Dagfinn Iversen og gitaren med på slep. Klarar dei stakkasrs vossingane denne gongen å komme seg til Ekspedisjonen med hårreisande dikt, sinne, kjærleik og humør.

Kan verdas beste ekspedisjon presentere Hjørnevik og Iversen?

Denne gongen må dei for faen meg klare det.

Denne gongen blir det, garantert. Kun eige dødsfall er lovleg fritak for Hjørnevik, i følgje han sjølv. Så gjer deg klar for dikt om kommunal omsorg og sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi og bussturar som endar i kloremerker på ryggen.

Så kjære deg, som kjøpte billett sist.

Kjøp billlett idag og kom på Dikt Live. Enten du likar det eller ikkje.

Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det ein del gitartonar frå Iversen å høyre på. Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show.

Jon Hjørnevik

Tekstforfatter

Practical

Enjoy code: 469027
Type
Scene
Target groups
Adult, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links