Details
"Hildegunn & Leif-Per Moltubakk" kjem til Holmatun i Øystese fredag 13. mars! Publikum og presse jublar for comeback-showet til dei populære figurane, gestalta av komikarane Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Hildegunn & Leif-Per tok heile Noreg med storm frå 1998 - 2010. No er dei endeleg tilbake etter mange års pause - med eit show som det går gjetord om - 14.000 billettar til no! Sunnmørsposten ga showet terningkast 5, og skriv mellom anna: "Meget tekststerke, helt på hugget med timing, og med tydelige og svært gode karakterer." (...) "Sammen er de egentlig dynamitt." Er det eit show? Er det ein konsert? Vi er sanneleg ikkje sikre, men vi veit at du berre kan spenne deg fast for noko av det snålaste og gøyaste i den norske underhaldningsbransjen akkurat no. Showstart kl. 20.00 Dørene opnar kl. 18.30 - open pub både før og etter show. Om ein er under 18 år må ein ha med verge som må fylle ut vergeskjema. Varigheit: 1 time og 20 min. OBS! Unummererte plassar. Adresse: Holmatun Holmane 20 5610 Øystese
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Available tickets
13/03 2026 7:00pm