star
star
star
star
star

Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland - A6

Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland Skilta frå småbåthamna, opp bakken. Ta av til venstre ved postkassestativ, første huset på venstre side. Litt myr i starten men resten i...

Practical

Enjoy code: 899137
Start ved Herland på Atløyna. Bruk Turkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Elderly
Duration
1 hour
Distance
5.9 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland

Skilta frå småbåthamna, opp bakken. Ta av til venstre ved postkassestativ, første huset på venstre side. Litt myr i starten men resten i lett stigning mellom lyng og på berg. Etter 1 km kjem ein til tyskarhytta. Her hadde tyskarane utkikkspunkt og tilhaldsstad under krigen.

Eit lite stykke før toppen av Brurastakken kjem ein til eit skilje der stien er skilta mot riksvegen. Om ein går ned her er det 2 km til Herland. Litt nermare toppen er eit anna skilje som er skilta til Geologiløypa, som er 2 km. Denne stien går ned mot sjøen, og framom Brurastakken. Her er like vakkert i storm som i stille. Fjellet sine foldingar med materiale frå devontida får du her sjå på nert hald. Litt bratt nedstiging mot sjøkanten, og ein del våte parti. Frå sjøen er litt stigning opp igjen til riksvegen. Området har eit rikt og variert planteliv.

Stien består soleis av to sløyfer. Om ein startar på høgda før Herland kan ein velje mellom å gå mot syd i Geologiløypa som er 2,5 km. Eller ein kan gå mot nord og opp gjelet som tyskarane skaut ut under krigen, 0,6 km til Brurastakken. Her i frå er det 2 km i lett nedoverbakke mot Herland.»