Heimfødingar – Opplesingar ved forfattarane Rimbereid og Nielsen.

Opplesingar ved forfattarane Rimbereid og Nielsen. Heimfødingar er eit konsept kor me får bli kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane og kanskje få augo opp for den litteraturen som blir...
This activity is completed or marked as expired
29.Jan
2022
3:00pm

Practical

Enjoy code: 718356
Target groups
Adult, Youth, Elderly, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Opplesingar ved forfattarane Rimbereid og Nielsen.

Heimfødingar er eit konsept kor me får bli kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane og kanskje få augo opp for den litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag.

I 2022 får me opplesingar ved dei kritikarroste lyrikarane Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Ingrid Nielsen (f. 1968) kjem frå Stavanger og debuterte i 2016 med diktsamlinga “Hemmelig, men aldri som en tyv”. “Den andre Jakobstigen” kom ut i 2020. «Poetisk universalkur mot pandemi og alle andre plager», skreiv Aftenbladets meldar. Boka vart også nominert til Ungdommens kritikerpris. Nilsen er litteraturvitar og tilsett ved Lesesenteret på UiS.

Øyvind Rimbereid (f.1966) er ein av Noregs mest markerte og nyskapande forfattarar. Han debuterte i 1993 og har sidan gitt ut 13 verk. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Dobloug-prisen og Brageprisen, og er to gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Konferansierar er Peter F. Strassegger og Ørjan Zazzera Johansen.

Gratis inngang.

Arrangør: Garborgdagar Foto: Nikita Solenov / Kjersti Dahl

Maps

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.