star
star
star
star
star

Hav og land hand i hand

Det er 4 gode ruter til toppen av Eitrenipa. Du kan gå frå dalsfjordsida og gjennom Fossedalen. Vidare til Øvre Fossedalen, og så opp Eitreskaret. Midt i skaret tek du opp skåra på vestsida. Du kan...

Practical

Enjoy code: 778438
Fra Førde følger du fylkesvei 609 forbi Gjelsvika til avkjørsel eit par km før Flokeneset, der det står skilt til Skjerli. Køyr til Markavatnet og parker der det står skilt til Nipebu.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult
Duration
5 hours
Distance
5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Det er 4 gode ruter til toppen av Eitrenipa. Du kan gå frå dalsfjordsida og gjennom Fossedalen. Vidare til Øvre Fossedalen, og så opp Eitreskaret. Midt i skaret tek du opp skåra på vestsida. Du kan òg gå opp heile skaret, og gå den slakke stigninga til toppen frå aust. Dette er ein fantastisk tur gjennom gammalt kulturlandskap med mange kulturminner.

Eitreskaret er ein fin innfallsport dersom du kjem frå turlagshytta Nipebu. Flott avstikkar frå T-merka ruta Nipebu/Massbu. Ei anna rute er å gå frå Blegja og over Blåegga og er godt varda. Ruta seier seg sjølv i det alpine landskapet. Dalsfjorden ligg på venstre sida og Førdefjorden på høgre. Den fjerde ruta er frå førdefjordsida. Då tek du av eit par km før Flokeneset (frå Førde), der det står skilt til Skjerli. Køyr til Markavatnet og parker der det står skilt til Nipebu og følg T-rute. Følg stien til austenden av vatnet, og vidare opp gjennom grinda. Ta av frå den merka stien rett før brua, og opp venstre sida av elva. Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Midtvegs opp til vatnet går det ein wire ved eit hammarslag som er god å halde seg i. Vegen vidare opp til vatnet går over totre hamrar og opp til Ertrefossen. Her må du gå opp eit litt bratt skar med ein wire til å halde i.

Austover langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida. Her er god sti og merka med vardar. Litt småkupert. I enden av første vatnet går du over vadet. Det er særs idyllisk med utsikt aust og vest til kvar av Leknesvatna. Majestetiske står målet der oppe. Tyngste biten er frå Leknesvatna og opp. Ganske bratt og litt krevjande. For dei som ikkje ynskjer seg til toppen, har likevel turen vore flott opp til Leknesstølane. Vidare opp føl du den lange «grasbakken» sørover til du kjem opp under kanten på fjellet. Ligg det snø kan det vere ein fordel å krysse seg opp. Ta opp skåra til venstre. Deretter den bratte skåra opp til høgre. Høgt og midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre – og du er aldri i tvil om retninga!

Eitrenipa har to jamhøge toppar. Det er ingen parti som er spesielt luftige. Du bør ha tre timar frå Markavatnet til toppen. Eitrenipa er kanskje det fjellet i Askvoll som har flottast utsikt mot vest av alle turmåla her ute. Du har ei panoramautsikt til Askvollhalvøya, vatna, fjella, havet og øyane mot Florø-kanten.