Hardanger Spelemannslag - 75 år

Hardanger Spelemannslag kjem til Lofthus med sine beste utøvarar og lagar festkonsert og dansefest for å feire sitt store jubileum. 26. september 1948 møttest 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt...
This activity is completed or marked as expired
09.Dec
2023
5:00pm

Details

Hardanger Spelemannslag kjem til Lofthus med sine beste utøvarar og lagar festkonsert og dansefest for å feire sitt store jubileum.

  1. september 1948 møttest 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt pensjonat i Kinsarvik. Føremålet med møtet var å skipa eit spelemannslag i Hardanger, og initiativtakarar var Anders Kjerland frå Granvin og Jon Velure frå Lofthus. Johannes Kvestad skreiv dette om skipingsmøtet i sogeskriftet som vart gitt ut til 25 års jubileet til laget: «Møtet vedtok samrøystes å skipa Hardanger Spelemannslag og at laget skulle vera med i Landslaget for Spelemenn (i dag FolkOrg). Møtet valde eit styre for laget, og arbeidet med å laga lover for laget vart sett i gang med sikte på at dei skulle vedtakast på det fyrste vanlege årsmøtet».

Dette fyrste møtet fann stad for 75 år sidan i år, og dette jubileet har me lyst til å feira. Det er mangfaldet innan folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Hardanger som skal formidlast og Hardanger Spelemannslag gler seg veldig til å sjå dykk der!

Knut Hamre - hardingfele Amalie Kinsarvik Tvilde - toradar Torkjell Lunde Børsheim - dans Alexander Aga Røynstrand - hardingfele Lajla Renate Buer Storli - song Øystein Velure - hardingfele Ruth Lillegraven - tekst Hardanger Spelemannslag med juniorar - spel og dans Eirin Tjoflot - programleiar

Program:

1700-1830 konsert

1830-2000 sal av varm mat og drikke

1900-1930 dans for born

2000- 0100 dans for vaksne

Practical

Enjoy code: 467709
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.