HÅP DUO i Gamle Skrivargarden

Visepoesiduoen HÅP lanserar sitt debutalbum «LEV» med ein landsomfattande turné våren 2024, og onsdag 10. april spelar dei i Gamle Skrivargarden. Med ei unik blanding av visepop og slampoesi,...
This activity is completed or marked as expired
10.Apr
-
7:00pm

Details

Visepoesiduoen HÅP lanserar sitt debutalbum «LEV» med ein landsomfattande turné våren 2024, og onsdag 10. april spelar dei i Gamle Skrivargarden. Med ei unik blanding av visepop og slampoesi, leiken tilstadeværelse på scena og eit brennande engasjement for pyskisk helse og inkludering, er konsertane med HÅP umoglege å kome uberørt frå. Målet deira er å gjere verda litt varmare. «En konsertopplevelse med så mye sjelefred, og samtidig så mange nye måter å se tilværelsen på. En magisk liten aften» Harstad Tidene I mars 2024 kjem debutalbumet «LEV», produsert av Conor Patrick og med eit nedstrippa sound som forsterkar bodskapen om medmenneskelegheit. Etter 60 konsertar i fjor, tek HÅP no sin viktige bodskap og eit knippe nydelege låtar ut i landet på ein omfattande releaseturné. For visesongar Anna Holand (Hoanna) har psykisk helse vore ein raud tråd gjennom låtskriving og konsertar etter ho mista systra til sjølvmord. Saman med poeten Åsmund Seip (Poesimedisin), som i bøker og på scena formidlar ærleg om angst og kjærleik, har ho skapt visepoesiduoen HÅP. Det er noko uventa og nytt i måten Åsmunds slampoesi møter Annas gitarspel og glødande stemme, men også umiddelbart sjølvsikkert og nært. HÅP gjer sterkt inntrykk på publikum når dei dykkar uredde inn i alvoret, samtidig som dei særeigne låtane peikar optimistisk mot ei håpefull framtid.

Practical

Enjoy code: 123296
Type
Concert
Target groups
Kids, Elderly, Youth, Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.