star
star
star
star
star

Hamnanova og Djupeskaret

Hamnanova er ein kortreist topp i Jølster som gir mykje profitt for kvar høgdemeter du tek opp! Turstart ved grushole/sanduttak i Dvergsdalsdalen. Du går på steinlagt sti i vestvendt side heile...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 165254
Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Ta av opp til Dvergsdalsdalen på austlegaste side av fjellet Orkja. Dvs. på vegen som går opp frå Dvergsdalen. Du kan òg køyre opp frå Myklebust (vestleg side av Orkja) dersom du kjem frå Vassenden.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
3.4 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Hamnanova er ein kortreist topp i Jølster som gir mykje profitt for kvar høgdemeter du tek opp! Turstart ved grushole/sanduttak i Dvergsdalsdalen. Du går på steinlagt sti i vestvendt side heile vegen opp. Blir relativt tidleg snøfritt på våren, og steinlegginga gjer at du går relativt tørt sjølv på våte dagar. Utsiktspunktet på toppen ligg på ca 750 moh. rett over grenda Sunde ved Kjøsnesfjordbrua. På toppen får du nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Skei-bukta, Kjøsnesfjorden og Dvergsdaldsalen. Du ser også rett på fjellet Kollen (på kartet heiter det Kleivafjellet), som er eit av dei mest kjende motiva til kunstnaren Nikolai Astrup. Du kan velge å gå ned att same veg, eller gå på sti over Hamnanova og ned sti via Djupeskaret (som er GPS-sporet). Når du går ryggen kan det løne seg å gå ut av stien (sporet). og følgje ryggen på austlegaste side for å nyte utsikta mot Kjøsnesfjorden.

Dette er den perfekte og ultimate kveldsturen for dei som vil ha kvardagstrim, og ein kortreist topptur med panoramautsikt for barnefamilien. Ca 30-45 min opp, og 20-25 minutt ned.

Turtips til den som vil gå ein lenger tur er å gå vidare innover ryggen mot Nyken, Djupeskaret, Sundsheia, Snøfjellet, Sundsheia, Støylsnova, Tverrfjellet og Salsegga. Her er det lett "ryggterreng" å gå i mens du har flott utsikt heile vegen langs ryggen mens du går mot Grovabreen. Frå Salsegga kan du gå i vestlig retning i noko myrlendt terreng ned til Fagredalen. Her vil du kunne følgje skogsveg og bilveg ned att til sandtaket der du parkerte bilen.