Similar alternatives
Details
Denne sommarkvelden blir det jazz-fusion i hotellhagen på Gloppen hotell.
ECG er eit nordisk progressivt jazzband med base på Sandane. Musikken vert av mange skildra som progressiv jazz, der stikkord som gjentar seg er nordisk melankoli, romantiske harmoniar, frekke akkordar, skeive taktartar, melodiske linjer, improvisasjon, blytungt og light as a feather.
Noverande besetning: Benny Østerbye Hansen - saxofon, Carl-Henrik Buschmann - tangenter, Olai Førsund - gitar, Otto Ose - bass, Stig Hegrenes - trommer.
MEOWTHgjer sitt publikum småfrekke beats og leiken improvisasjon. Duoen tek utgangspunkt i Hiphop og Jazz og blander det med frekke hoftebevegelsar (sitat klassekampen) og mykje live energi. Saxofon og trommer skapar eit frisk sound som gir låtane særpreg og åpnar for intimt samspel. Meowth er: Timothy Jason Neuenschwander Trommer og Bjarne Iestra saxofon og elektronikk
Arrangementet gjennomføres i henhald til smittevernreglane frå helsedirektoratet, og arrangeres av Gloppen Hotell. Billettsal blir på førehand via Ticketco, eller restbillettar med bankkort ved inngong.
Gloppen hotell byr på servering av mat og drikke.
Arrangementet er ein del av prosjektet "Kultur til folket" som omfattar fleire arrangement rundt i Gloppen kommune sommaren 2021. For dei som ynskjer å gje eit ekstra bidrag til prosjektet vert det høve til det gjennom å kjøpe ein "spleis-billett".