star
star
star
star
star

Grytadalen - Villevika(Årebrotet)

På grunn av anleggsarbeid kan du ikkje ta denne turen Turen startar frå den nedre parkeringsplassen i Grytadalen og er merka rute til Villevika. Du går på den merka stien forbi Rundevatnet og...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 311592
Startplass avkjørsla på venstre før parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret på Fv 614 i Grytadalen
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Youth, Elderly
Duration
6 hours
Distance
13.9 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

På grunn av anleggsarbeid kan du ikkje ta denne turen

Turen startar frå den nedre parkeringsplassen i Grytadalen og er merka rute til Villevika.

Du går på den merka stien forbi Rundevatnet og vidare opp til Akslaskaret.

Vidare forbi Akslavatnet før du kjem over på Mullislettene som er eit flatt område med mykje myr og steinheiar. Området har eit rikt planteliv med lyng, kratt og småvekster.

Stien fortset utover Guleslettene. Vest for Guleslettene ligg Grøfjellet. Vidare utover mot Aurbrekkene som ligg på om lag 600 moh. Du kan gå rundt Aurbrekkvatnet og fortsette ned Guleskarlia til vestre enden av Guleskarvatnet. Stien fortset ned Uradalen, langs Uraelva, kryssar elva og fortset nedover, rundar Lonevatnet og du kjem inn på traktorveg/grusveg langsmed nordre enden av Storevatnet. Følg grusvegen ned til hovudvegen Fv 577. Ta til venstre og gå ca. 1,6 km til rutebåtkaia i Villevika.