star
star
star
star
star

Grytadalen - Guleskardtoppen - 646 moh

På grunn av anleggsarbeid kan du ikkje ta denne turen Tar du turen opp på toppane får du flott utsikt ut mot Alden/Bulandet, øyriket utanfor Florø og nord til Hornelen. Du har også fin utsikt...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 102271
Kjør opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på vestre side.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Youth, Elderly
Duration
2 hours
Distance
3.7 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

På grunn av anleggsarbeid kan du ikkje ta denne turen

Tar du turen opp på toppane får du flott utsikt ut mot Alden/Bulandet, øyriket utanfor Florø og nord til Hornelen. Du har også fin utsikt innover fjellheimen, der Haukåbøra/Børa stikk seg majestetisk opp.

Det er merka løype vestover fjellet til Årebrot, del av Flora Turlag si rute frå ”Hav til Bre” Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg ca 400 meter høgt. På plassen er det informasjonstavle. Like ved vegen ligg første fiskevatnet, Kupevatnet som ein passerer og har på høgre side. Vidare oppover og utover får du etterkvart Langevatnet mot nord på høgre side og i sør Rundevatnet på venstre side. Området er vokse til av ein del fjellbjørk og krattskog. Fortset du rett fram er det ein motbakke opp til Akslaskaret. Blir du litt sliten etter oppoverbakken, gløymer ein fort det, når det fine naturterrenget vestover opnar seg etterkvart som ein kjem gjennom skaret.

Frå Akslaskaret kjem du over på Pollaslettene. Eit flatt parti med mykje myr og steinheiar. Området har eit rikt planteliv. Når du kjem til eit tjern på høgre hand og eit litt mindre på venstre hand tar du av mot toppen som på kartet er merka med 646 moh. Der er ein fin steinvarde heilt ytterst.

Turen er også fin som skitur og ein brukar nokolunde same ruta, men startar frå den øvre parkeringsplassen ved Magnhildskartunnelen.