star
star
star
star
star

Gjesdalsstøylen, Søstestøylen og Gjesdalsvatnet

Dette er ein flat tur i ein nydeleg fjelldal som du går på godt opptrakka stiar. Turen startar på parkeringsplassen på Trinta. Du brukar 5-10 minutt til Gjesdalsstøylen. Vegen går vidare på god...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 692356
Ta av E39 på og køyr over Jølstra på brua på Vassemden, og inn på fylkesveg 451. Ved Vassenden skule køyrer du opp mot dei øvste gardane i Gjesdalen. Her køyrer du opp den austlegaste skogsvegen. Det kostar 40 kr i bompengar.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
4.2 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein flat tur i ein nydeleg fjelldal som du går på godt opptrakka stiar. Turen startar på parkeringsplassen på Trinta. Du brukar 5-10 minutt til Gjesdalsstøylen. Vegen går vidare på god sti, der du går over ein del mindre bekkar, før du passerer elva, som renn frå Gjesdalsvatnet. Det er god bru over elva like før du går opp på Søstestøylen. Frå støylen får du god utsikt over store delar av Gjesdalsdalen.Du brukar kring 15-20 minuttar inn her frå Gjesdalsstøylen.

Du går attende over brua og inn att på stien der du tok av mot Søstestøylen. Du går i austleg retning på god sti i myrlendt, oversiktleg og opeterreng. Etter periodar med mykje regn kan det vere nokre parti som er våte å passere. Gjesdalsvatnet opnar seg plutseleg framfor deg. Du brukar kring 45-60 min inn til vatnet.Om du vil kan du gå langs den nordlege sida av vatnet over skaret mot Sandalen, og ned mot Botnavatnet.

Om vinteren er det flott å gå den same turen på fjellski. Du må då starte turen ved gardane der skogsvegen tek til i Gjesdalen.