Gitarmannen - premiere

Når vi møter gitarmannen, har han gått inn på ein bar. Der byrjar han å fortelje. Om livet på gata, om dei han møter, og om det valet han har. Med sår røyst opnar han døra til eit liv levd i...
This activity is completed or marked as expired
21.Jan
-
7:30pm

Details

Når vi møter gitarmannen, har han gått inn på ein bar. Der byrjar han å fortelje. Om livet på gata, om dei han møter, og om det valet han har. Med sår røyst opnar han døra til eit liv levd i skuggen og let oss skimte eit liv få har sett, men mange har gått forbi.

Det handlar om livets tilfeldigheiter, moglegheiter vi tok og gav avkall på, og om å finne meining i det ein har.

Jon Fosses monolog «Gitarmannen» vart i si tid skrive på bestilling av skodespelar Bjørn Willberg Andersen. No, tretti år seinare, skal han endeleg ta teksten til scenen. Og det med nyskriven musikk av Lars Lillo-Stenberg.

Framsyninga blir spela på Sardinen USF, og byr på ei nær og særeigen teateroppleving.

Practical

Enjoy code: 207258
Type
Scene
Target groups
Adult, Youth, Elderly
Source
Eventim
External information

Sponsored links