Giskespelet 2021

I covid-året har giskespelet utnytta moglegheita for eit sidesprang, og det har blitt til eit heilt nytt spel. Kva fekk dei mektige arnungane til... I covid-året har giskespelet utnytta moglegheita...
This activity is completed or marked as expired
17.Jun
2021
6:00pm

Details

I covid-året har giskespelet utnytta moglegheita for eit sidesprang, og det har blitt til eit heilt nytt spel. Kva fekk dei mektige arnungane til... I covid-året har giskespelet utnytta moglegheita for eit sidesprang, og det har blitt til eit heilt nytt spel. Kva fekk dei mektige arnungane til å brått kjempe mot kvarandre i strid? Kva er historia til kalv arneson som fekk han til å byte side i striden om kongemakt. Det står mykje om kalv arneson i snorre. No har spelforfatter eldrid shrøder kvalvik også dykka vidare i det som er ei unik fordjuping i lokalhistoria vår. Bli med på ein visuell historietime der vi følger olav haraldsson og arnungane nedover i europa, vidare opp til trøndelag og gården egge, ned til hedmark og opp igjen til stiklestad. Det er lokalhistoria vår, men også noregshistorie! Bli med på reisa til ei av noregs mektigaste ætter. Vi lovar deg eit minne i kjend giskespel-drakt! i giske amfi har vi god plass for friluftsteater og gjennomfører i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Vi set opp fire framsyningar a 200 billettar per framsyning mot 700 x 4 i eit vanleg spel-år. Vi vonar at det blir rift om billettane. Sikre deg ein no! ... Og skulle pandemien hindre oss i å gjennomføre, er du sikra tilbakebetaling av billettane dine via tikkio. Manus: eldrid schrøder kvalvik musikk: miki campins koreografi: einar didriksen regi: eldrid schrøder kvalvik

Practical

Enjoy code: 512976
Type
Concert
Target groups
Elderly, Adult, Kids, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.