Georgisk song med Iberi Choir

Bli med og utforsk georgisk songtradisjon! Instruktørar: Songarar frå Iberi Choir Georgia har gamle og sterke songtradisjonar som går attende heilt til førkristen tid. Georgiarane har ein stor...
This activity is completed or marked as expired
09.Jul
2022
10:00am

Details

Bli med og utforsk georgisk songtradisjon! Instruktørar: Songarar frå Iberi Choir

Georgia har gamle og sterke songtradisjonar som går attende heilt til førkristen tid. Georgiarane har ein stor kjærleik til poesi og musikk, og nyttar song til alt! Dei har difor ein rik songskatt som inneheld alt frå drikkeviser, arbeidssongar, salmer og ballader. Songane varierer frå sarte og stemningsfulle til energiske og fulle av kraft.

Den georgiske songen er fleirstemt og inneheld mykje improvisasjon. Her får du høve til å lære og delta i den eldgamle kunsten saman med Iberi Choir.

Iberi Choir starta opp i 2012 og syng songar i dei ulike georgiske stilane. Dei austlege tradisjonane er trestemt med ein bassbordun og to overstemmer som syng melismatiske lydar medan dei vestlege tradisjonane er meir kompliserte harmonisk sett der bassen improviserar saman med dei to lysare stemmene. I andre regionar finn vi ein veldig spesiell jodleteknikk; krimanchuli.

Dei likar svært godt å få med publikum i songen sin og ynskjer å opne opp songen for eit større publikum.

Practical

Enjoy code: 218380
Type
Festival
Target groups
Kids, Elderly, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links