Generasjonssamtale IV: Trufast eller fri?

Synet på omsetting har forandra seg gjennom tidene. I grove trekk har det veksla mellom ytterpunkta «trufast» og «fri»: Den trufaste omsettinga ligg nærast originalteksten, medan den frie er mest...
This activity is completed or marked as expired
13.Feb
2021
3:00pm

Details

Synet på omsetting har forandra seg gjennom tidene. I grove trekk har det veksla mellom ytterpunkta «trufast» og «fri»: Den trufaste omsettinga ligg nærast originalteksten, medan den frie er mest tilpassa språket og kulturen den skal fungere i.

Det har kanskje ikkje vore eit ideologisk paradigmeskifte i løpet av den knappe generasjonen mellom Toril Hanssens og Preben Jordals debutar som skjønnlitterære omsettarar, høvesvis i 1988 og 2007. Men har dei teknologiske endringane i samfunnet gjort noko med måten ein omsett på i dag, samanlikna med for 40 år sidan? Og i kva grad endrar ideala til ein omsettar seg over tid? Toril Hansen og Preben Jordal diskuterer omsetting før og no med kritikar og omsettar Margunn Vikingstad.

Gratisbilletten er gyldig fram til fem minuttar før arrangementet startar (14.55)

I samarbeid med Norsk Oversetterforening

Practical

Enjoy code: 286217
Type
Festival
Target groups
Kids, Elderly, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links