Generasjonssamtale II: Naturlege gleder

16 år gamle Dara McAnulty frå Irland har eitt mål: Å ta vare på naturen han elskar. I 2019 ga han ut Diary of a Young Naturalist som fekk strålande kritikkar og som den unge forfattaren blei...
This activity is completed or marked as expired
11.Feb
2021
7:30pm

Details

16 år gamle Dara McAnulty frå Irland har eitt mål: Å ta vare på naturen han elskar. I 2019 ga han ut Diary of a Young Naturalist som fekk strålande kritikkar og som den unge forfattaren blei tildelt fleire prisar for. McAnulty er autist, og han skildrar korleis naturopplevingar gir sansane hans ro. Professor og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson har eit liknande mål: La alle få vite kva naturen gjer og skaper som vi menneske ikkje berre har glede av – men som òg er heilt nødvendig i liva våre. Dette viser ho gjennom sanne, fantastiske historier i boka På naturens skuldre.

To generasjonar naturelskarar møtest til samtale om naturen, litteraturen, kva som gir dei glede og kva som motiverer dei. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt.

Practical

Enjoy code: 687404
Type
Festival
Target groups
Youth, Kids, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links