Generasjonen som bana veg

Med Ut av skyggenegir Shazia Majid eit viktig supplement til norsk kvinnehistorie ved å skildre den første generasjonen av innvandrarkvinner. Mor til Majid kom til Noreg frå Pakistan i 1973, to år...
This activity is completed or marked as expired
14.Feb
2021
12:00pm

Details

Med Ut av skyggenegir Shazia Majid eit viktig supplement til norsk kvinnehistorie ved å skildre den første generasjonen av innvandrarkvinner. Mor til Majid kom til Noreg frå Pakistan i 1973, to år etter ektemannen. Med utgangspunkt i moras historie, og med henvisingar til statistikk og forsking, fortel Majid korleis ikkje-vestlege kvinner har hatt det i det nye heimlandet sitt. Ho viser at kampen desse kvinnene kjempa på eigne og døtrene sine vegner, har mange parallellar til den kampen norske kvinner stod i nokre år tidlegare. Ho trekker òg lina heilt tilbake til Camilla Collett og kampen hennar for sjølvstende i 1850.

Ut av skyggene blei nominert til Brageprisen i 2019. Samfunnsforskar Hilde Danielsen, som mellom anna har skrive boka Husmorhistorier, intervjuar Shazia Majid.

Practical

Enjoy code: 387988
Type
Festival
Target groups
Adult, Elderly, Youth, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links