Gåte

Gåtes vakre verd. Sidan debuten i 1999 har folkrockbandet Gåte skapt dirrande musikk frå den mørke og djupe folkemusikken – heftig omarrangert i møte med vår tids teknikk og musikalske...
This activity is completed or marked as expired
16.Jul
2021
9:30pm

Details

Gåtes vakre verd. Sidan debuten i 1999 har folkrockbandet Gåte skapt dirrande musikk frå den mørke og djupe folkemusikken – heftig omarrangert i møte med vår tids teknikk og musikalske moglegheiter.

Resultatet er eit storslått, unikt og attkjennande lydbilde. Ei konsertoppleving med Gåte sit i – lenge. Dynamikken i musikken slepper ikkje taket. Gåtes musikk er hjarteslag som aldri sluttar å slå.

Syskena Gunnhild og Sveinung Sundli vaks inn i musikken, så å seia, frå ung alder. Etter snart eit halvt tusen konsertar der målet har vore å løfte krafta i folkemusikken opp i skylaget, har filosofien snudd: Målet er ikkje lenger stort og større, men å sjå krafta i det vesle.

Fundamentet i Gåtes arrangement er omplassert i eit meir vevert lydbilete. Gunnhilds vakre stemme er framleis berande i musikken, nennsamt støtta opp av Magnus Børmark og Sveinung på tramporgel, gitarar og fele. Men signaturen er der framleis. Gåtes musikk held fram med å vera Gåte.

Før konserten blir det utdeling av Haldor Røynes ærespris. Prisen blir delt ut annakvart år til ein utøvar frå Valdres som har lagt ned ein stor innsats for folkemusikken og folkedansen.

Medverkande:

  • Gunnhild Sundli – song
  • Sveinung Sundli – gitar, fele og trampeorgel
  • Magnus Børmark – gitar

Practical

Enjoy code: 255930
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.