GARDSBRUK

Ei krysning tå hav, ulja og kruttslam. Plateaktuelle GARDSBRUK er eit band med base på Sotra utanfor Bergen. Musikken kan beskrivast som fest-country på dialekt, og det svingar. Spreke gitarriff,...
This activity is completed or marked as expired
05.Jun
2021
9:30pm

Details

Ei krysning tå hav, ulja og kruttslam. Plateaktuelle GARDSBRUK er eit band med base på Sotra utanfor Bergen. Musikken kan beskrivast som fest-country på dialekt, og det svingar. Spreke gitarriff, god driv, humor og galskap.

Tekstane gjenspeglar livet i bygdenoreg – noko som blir forsterka av vokalist Knut Joachim Pedersens djupe stemme og gode forteljarevne. Låtane er i hovedsak skrevet av vokalist Pederesen, og produsent Kåre Glesnes. Godt samarbeid på lemen gjer at dei no har ei god samling låtar å spele på konsertane.

GARDSBRUK har fire singlar ute, som har tilsaman over 1 000 000 streams på Spotify, og kom med sin fyrste plate Møtting i desember 2016

Du får lett musikken på hjernen, og du vil ta deg i å villa syngja med. Så likar du gode gitarriff, flinke musikarar, glimt i auga, og at du ikkje kan motstå å stemma i? Ja du likar du GARDSBRUK

Dette er karane i GARDSBRUK: Knut Joackim Pedersen vokal, gitar Kåre Glesnes diverse gitarer, banjo, mandolin og lapsteel Tor –Erik Rong akk gitar, og el gitar, kor Jørn Austbø bass, kor Morten Bergstrøm trommer Kjetil Lynglund, tangenter og munnspel

Practical

Enjoy code: 546989
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.