Gabba // søndag

Viddeblues med Gabba! Gabba er joikemeister John André Eira, og hans eminente band. Debutalbumet deira kom ut i fjor og vart omtala som eit av årets friskaste. Sjølv seierGabbadei er sjamanane og...
This activity is completed or marked as expired
09.Jul
2023
6:00pm

Details

Viddeblues med Gabba! Gabba er joikemeister John André Eira, og hans eminente band. Debutalbumet deira kom ut i fjor og vart omtala som eit av årets friskaste. Sjølv seierGabbadei er sjamanane og motmedisinen for alle som har mista kontakt med røtene sine. Oppskrifta er nettopp blandinga mellom tradisjonsmusikk, blues, meisterleg joik og mystikk

I dette møtet mellom tradisjonell joik, røffe gitarriff og intrikate basslinjer, smeltar urkraft saman med moderne musikk til ein suggererande viddeblues. Den er suggererande og atmosfærisk og det er lett å sjå for seg store vidder og vill natur. Slektskapen til slentrande afrikansk ørkenblues er også tydeleg.

John André Eira gav ut si første plate i 2014, med solo joik. I 2017 vann han Sami Grand Prix i joikedelen. Gjennom pandemi-åra har Gabba vore produktive og lisensiert og komponert musikk for media. Det mest spesielle sideprosjektet var truleg samarbeidet på HBO-serienUtmarksom førte til singelenHorágallis. I tillegg har bandet var med på det kanadisk-norske prosjektetNordic Bridges.

John André Eira – joik

Marius Trøan Hansen – trommer

Espen Bakke – bass

Christoffer Mietle Furuheim – gitar

Det går gratis buss frå Førdehuset kl.16.45 med retur kl.19.30 for dei som har kjøpt billett til konserten.

Jakob Sande-tunet sel mat og drikke.

Velkomne!

Practical

Enjoy code: 585105
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.