FRODE GRYTTEN & MORTEN QVENILD: OMRÅDE 51

Frode Grytten og Morten Qvenild kommer til Litteraturhuset i Trondheim med det politiske verket Område 51 – landet bortanfor landet.
This activity is completed or marked as expired
20.Feb
2021
6:00pm

Practical

Enjoy code: 371821
Arrangementet har inngang fra hovedbiblioteket, Kongens gate fra kl. 17.30.
Type
Lecture
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
Enjoy
External information

Sponsored links

Details

OMRÅDE 51, eller Area 51 er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Musikken vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte.

Vi lever midt i ein krig, ein krig vi ikkje ein gong får auge på, fordi han ikkje blir utkjempa på den tradisjonelle slagmarka. Denne krigen blir utkjempa under bakken og oppe i lufta, med maskinar, kablar, fiber, satelittar, dronar. Det er ein hemmelig krig, klassifisert og usynlig, budsjetta er ikkje underlagt demokratisk kontroll.

Dei stridande opererer på svarte område, stadar som ikkje er plotta inn på kartet, i landet som finst bortanfor landet. Krig er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han er farga på same vis som alt rundt seg, som del av eit vanlig plagg. Vi lever med krigen, slik fisken lever i vatnet.

Verket ”Landet bortanom landet” tematiserer i ord og musikk denne utviklinga, og viser korleis krig i dag er blitt ei usynlig verd. Det uttrykker ei frykt for at vi ikkje lenger kan opponere mot krigen, fordi han ikkje finst. Vi diskuterer ikkje utviklinga av nye system for å drepe kvarandre, eller militariseringa av himmelrommet, eller dei enorme militærbudsjetta.

Dei fleste av oss veit ingenting om programma som er sett i gang og som verkar utanfor oss. ”Landet bortanfor landet” tar oss med til området som er befolka med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss meir enn noko anna på kloden.

Musikken ble først fremført som et bestillingsverk til Kongsberg Jazzfestival i 2017. Høsten 2019 kom musikken ut på dobbel vinyl, og tekstene ble utgitt i bokform.