Frå Hardanger til Varanger

Vel møtt til inspirerande foredrag med 16 år gamle Øyvind Hildonen-Teigland som sommaren 2021 gjennomførte ein enormt lang sykkeltur frå Hardanger til Varanger, frå Øystese til Vadsø. Her er...
This activity is completed or marked as expired
02.Sep
2021
7:00pm

Practical

Enjoy code: 724296
Type
Lecture
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Vel møtt til inspirerande foredrag med 16 år gamle Øyvind Hildonen-Teigland som sommaren 2021 gjennomførte ein enormt lang sykkeltur frå Hardanger til Varanger, frå Øystese til Vadsø.

Her er presentasjonen den unge eventyraren forfatta sjølv:

Hei, eg heiter Øyvind Hildonen-Teigland, eg er snart 16 år og bur i Øystese i Hardanger. Eg er glad i å sykla og i sommar skal eg sykla til Vadsø i Finnmark. Dette har vore ein draum for meg lenge, og eg gleder meg til denne turen. Eg pleier å besøka bestemora og tanta mi i Vadsø kvar sommar. Det er langt dit, og vanlegvis tek eg fly, men denne gongen skal eg sykla. Grunnen til at eg skal sykla opp, er at eg er glad i å sykla, glad i naturen, og det kjem til å bli eit minne for livet. Eg gler meg til å sjå alle dei fine stadene i Noreg, og eg gler meg til å få til noko vanskeleg. Eg skal for det meste sova i telt på vegen opp. Om du vil sjå ruta mi, og spora meg medan eg syklar, har eg ei nettside. Her er lenkja: https://map.racetracker.no/?race=hardanger_varanger_2021

Velkomen til ei ungdommeleg formidling av ei lang reise gjennom Noreg!

Maps