star
star
star
star
star

Fottur til St. Olavskjelda

Turen byrjar ved ferjekaien på Fodnes. Parker bilen på P-plass 50 m forbi kaien. Følg den private grusvegen til Fodnes. Gå på oppsida av fjøsen, og følg godt merka og god sti oppover fjellryggen....
Photo: Rolf Engløkk

Photos

Practical

Enjoy code: 390199
Rv 5 fra Lærdal, ferje Mannheller - Fodnes
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
1.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen byrjar ved ferjekaien på Fodnes. Parker bilen på P-plass 50 m forbi kaien. Følg den private grusvegen til Fodnes. Gå på oppsida av fjøsen, og følg godt merka og god sti oppover fjellryggen. Stien er rekna for ein av dei beste i Lærdal kommune. Det er stort sett torv med barnål, og ruta går i spredt furuskog. Ved sidan av stien ser ein stolpekar etter kraftlinja Fodnes – Lærdal. St. Olavskjelda har fått namnet sitt etter ei segn som seier at Heilage Olav reid her med hesten sin, og at hesten slo hoven i bakken og fann vatn.

Går du vidare oppover, kjem du fyrst til Stegen; eit flott utsiktspunkt på 565 moh. Vidare kan ein gå til Fagerset og over åsen til Stødno,nær Lærdalsøyri. (Sjå desse turane).