star
star
star
star
star

Fot- og bretur til Gjegnen (1670 moh)

Opp den fine grusvegen gikk det radig og greit i mange slyng opp til ca 400 moh. Der strevde vi ein del med å finne stien vidare opp til Lavesteinen, men etter litt fram og tilbake fann vi ein liten...

Practical

Enjoy code: 750829
Parkering på Hope i Hyen, Gloppen kommune.
Type
Outdoor
Target groups
Voksen
Duration
120 hours
Distance
20.3 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.krevende
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Opp den fine grusvegen gikk det radig og greit i mange slyng opp til ca 400 moh. Der strevde vi ein del med å finne stien vidare opp til Lavesteinen, men etter litt fram og tilbake fann vi ein liten rød pinne som markerte starten på den lite tydelige stien oppover. 2t 15min etter start var vi endelig ved Lavesteinen på 720m høgde. Ein meget spesiell stein som ligg på vippen til å havne i dalen 650 meter under.

Resten av turen til Gjegnabu er T-merka med varding. Følg vardinga! I tett skodde var det ikkje så lett, men med hjelp av GPS ankom vi Gjegnabu etter ca 4,5 timer på eit vakkert "teppe" av konglomerat i eit fantastisk spesielt Devonlandskap!

Ca 5 minutts gange etter hytta er det eit vanskeleg punkt der fjellet går rett i eit vatn. Tidleg på sommaren (ca ut juni) kan ein runde vatnet på snøen inntil fjellet (helst i tau), medan ein seinare må ta opp i fjellet tidlegare (litt klyving). Vidare er det ulike alternativ mot Gjegnen, men begge krev brevandring. Tidlegare på våren er nok dette ein fin skitur.