star
star
star
star
star

Fossmarksætra

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar...
Photo: Nils E. Langhelle

Practical

Enjoy code: 267495
Parkering ved busslomme i Fossmark
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
4 hours
Distance
1.7 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Denne turen går til Fossmarksætra (600 m.o.h.), den gamle stølen til bøndene i Fossmark. Turen startar frå E16, gå ca 100 meter nordover frå busshaldeplassen langs E16. Stien startar ved bekken. Deretter fylgjer ein godt merka sti opp lia, og her går det ganske bratt oppover. Jamn og god stigning, og det flatar ikkje ut før ein er nesten framme med stølen. Flott trimtur!