Fortida er ei framand verd - om ære og tenkjemåte i tidleg moderne tid.

John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger. Med utgangspunkt i ei, for oss, merkverdig...
21.Sep
-
5:00pm

Details

John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger. Med utgangspunkt i ei, for oss, merkverdig rettssak frå Hardanger i 1670-åra vil Myking diskutera æresomgrepet i det gamle samfunnet og det mentale universet som hardingar og andre nordmenn levde innanfor på 1600 – og 1700 – talet. Dette var ei tid der æra var avgjerande for om folk kunne reknast som pålitelege og truverdige medlemer av bygdesamfunna dei levde i. Men også usynlege krefter påverka livet deira. Folk levde innanfor eit magisk – religiøst univers, der både overnaturlege krefter og livet etter døden var handfaste realitetar. Magi kunne både lækja og skada. Og skulle ein sikra det neste livet, måtte ein vandra på den smale stien som den protestantiske kyrkja meisla ut for dei. Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Practical

Enjoy code: 394634
Type
Concert
Target groups
Adult, Elderly, Kids, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Available tickets

Sunday
21/09 2025 5:00pm
Hesthamar skrivargard 4555 Fjordavegen
Provided by Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.