Forteljingar som grunnlag for innovasjon

Kva rolle spelar forteljekunsten for næringslivet? Kva har formidlingsevne å seie for sals- og produktutvikling? Og korleis kan forteljekunsten bidra til å formidle di bedrift si historie på best...
This activity is completed or marked as expired
22.Jun
2023
10:30am

Practical

Enjoy code: 762519
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Kva rolle spelar forteljekunsten for næringslivet? Kva har formidlingsevne å seie for sals- og produktutvikling? Og korleis kan forteljekunsten bidra til å formidle di bedrift si historie på best mogleg måte? Kva rolle kan eit akademi i forteljekunst ha å seie for leiarar innan ulike sektorar? Dette og mykje meir blir diskutert når Gunhild Berge Stang, Johanne Viken Sandnes, Johan Einar Bjerkem og Marita Solheim møtast til samtale under forteljekunstakademiet. Samtalen er leia av røynde Jan H. Landro. Samtalen høver for alle tilsette i næringslivet som brenn for formidling og korleis forteljingar kan vere grunnlag for innovasjon og samfunnsutvikling.

I panelet: Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord utvikling, Marita Solheim, dagleg leiar i Fjordkysten og Sunnfjord, Johanne Viken Sandnes, kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane og Johan Einar Bjerkem, dagleg leiar av Hilmarfestivalen. Samtalen er leia av Jan H. Landro. er tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur. Landro er i dag frilansjournalist og ein populær «bokbadar» og føredragshaldar.

Foto i hendinga av bl.a: Jan M. Lillebø, Jostein Vedvik

Akademiet er støtta av Bergesenstiftelsen og Riksantikvaren.